|

Eg fekk min første hund, ein Border
Collie, då eg var 13. Stor stas og på tide, meinte eg, som
hadde hund på ønskelista sidan eg var lita, sjølv om eg
hadde både katt og hest. Lassie, som eg kalla Bordercollien,
var fast fjellturkamerat og ho samla inn både folk og dyr.
Ho elska ”gøyme og leite” , fann dei andre ungane
for meg, og grov folk utav snøen. Seinare hadde eg ein Golden
Retriever. Ruby Sascha, som elska symjeturar. Ho var ofte
med på jobb, og elevane ville gjerne bade i sjøen når ho var
med.

Lassie (border collie) t.v, Sascha (blanding) i midten, Ruby
Sascha (golden) t.h
I 1985 fekk eg ein blandingshund, der
faren var Sheltie. Vi var svært glade i Sascha, og stor vart
sorga da ho vart påkøyrd i 1987. Eg lova ungane ein ny hund,
men same kva rase vi besøkte kvalpekull hos, var det ikkje
Sascha. Så kom vi til Odd og Oddbjørg (Bøengen) og der jubla
ungane mine. Bøengen`s Honey Sascha blei vår første Sheltie,
ein herleg hund som alle, uansett alder, vart glade i. Innimellom gjekk
ho tur åleine, på venstre
sida av vegen, langs kvitestripa, så kryssa ho vegen for å
halde rett side på veg heimatt.
Etter henne har det blitt fleire
Sheltiar, og no har vi Mindy og Mira, der Mindy er mild,
elegant og vakker, og Mira artig, gløgg og oppfinnsam,
ein hund eg trur ville nådd langt i Agility. Eg har ikkje
vore den store utstillaren, hundane mine har liksom vore
meir familie og litt brukshundar.
   
|